Hytter & Friluftsliv
Eresfjord og Vistdal Fjellstyre disponerer 2 hytter for utleige, ved Aursjøen og i Stordalen (Kaffihaugen).
Aursjøen
Hytte med to avdelingar. Aursjøen 1 med to soverom, fem sengeplassar (1 dobbelseng). Aursjøen 2 med eit soverom, 2 sengeplassar (dobbelseng) + 2 madrasser. Begge avdelingar har stuer med kjøkkenavdelingar, elektrisk straum, kokeplater, kjøleskap, vedomn, dyner (eigne trekk), utedo, ikkje innlagt vatn. Bilveg (Aursjøvegen) fram til døra. Naust m/båt utan motor. Hytta ligg rett ved demninga.
Aursjøen 1
kr. 1300,- pr. døgn
Aursjøen 2
kr. 750,- pr. døgn
Stordalen, Kaffihaugen
Hytte med 2 køyer + 2 ekstra madrasser. Om lag 2,5 timers gange frå Aursjøen. Vedomn, gass til matlaging, dyner (lakenpose naudsynt), ikkje innlagt vatn eller do.
Kaffihaugen
Pris: kr. 600,- pr. døgn.
Nøkkel
Kontakt styreleiar eller sekretær for utlevering av nøkkel til hyttene.