Villreinjakt
Alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Søknadsfrist 1. mai.
Fyrstegangsjegerar er garantert eit kalvkort, dersom dei ikkje får større kort ved ordinær trekking.
Ein kan i 2024 kun søkje på reinsjakt i Snøhetta aust.
Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har jaktavtalar med Sunndal, Lesja og Rauma, dessutan Eikesdal Sameige, Øverås og Nerås grunneigarlag og Vike og Hoem Heimraster.
I Eresfjord og Vistdal Statsallmenning er det høve til å danne jaktlag på 4 jegerar.
Alle kort som Eresfjord og Vistdal Fjellstyre sel i Snøhetta aust har eit prisavslag på kr. 500 kr. i høve til prisane i Snøhetta vest.
Rovvilt
Alle jegerar som har godkjend lisensjakt på jerv og bjørn, og kvotejakt på gaupe, får automatisk løyve til slik jakt i Eresfjord og Vistdal statsallmenning. Dette krev at ein har løyst jaktkort på anten rein, eller småvilt.
Eresfjord og Vistdal Fjellstyre vil oppmode alle som har løyst jaktkort til å skyta raudrev.
Søknadsskjema villreinjakt
Informasjon
JEGERANE MÅ HA BETALT JEGERAVGIFT OG BESTÅTT SKYTEPRØVE.
Alle som er registrert i folkeregisteret som busatt i gamle Eresfjord og Vistdal kommune pr. 1. november året før er søknadsberettiga til reinskort i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.
Snøhetta vest.
Snøhetta aust.
Alle som er søknadsberettiga kan søkje om reinskort i heile Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, men den som hadde kort året før vert trekt ut sist.
Søkjarar i begge områda som får overført jaktkort under jakta kan søkje om jaktkort året etter.
Jegerar som vert trekt ut med fritt dyr i begge områda, men som har hatt fritt dyr dei 5 siste åra, vert flytta til kluftbukk.